|  M/S Vita  |

MS Vita

M/S "Vita" spelte ei vesentleg rolle under andre verdskrig. Skøyta blei eigd av Lorentz Rolfsnes, Jens Agasøster og Oskar Agasøster. Etter kun ein einaste sesong på fiske blei "Vita" rekvirert av Marinen for å få fire norske sjøoffiserar og to sivile over til Shetland.

Litt om "Vita" sine meritter:

  • Var den første skøyta som drog over Nordsjøen med flyktningar
  • Brakte sabotørgrupper tilbake til Norge i offisielt oppdrag
  • Leverte våpen- og utstyrlast til Midt-Norge
  • "Vita" representerer ei rekkje milepelar i Shetlandsoperasjonane og gjorde ein særskilt markert innsats i Trøndelagsområdet.
  • Etter å ha gått åtte turar mellom Norge og Shetland vart den teken av tyskarane i september 1941 etter ein eineståande aktivitet over så kort tid

Den 22 september 1941 kasta "Vita" loss for siste gong frå Lunne. Meldingane var at skøyta skulle til Trondheimstraktene for å hente flyktningar. Det var kommen melding om at skøytene måtte ta fleire turar der for å hente folk som ville vestover til fridom og ny krigsinnsats. "Vita" var nettopp kommen til Shetland etter sin sjuande vellykka tur over Nordsjøen og blei sendt ut på nytt då dei andre skøytene var skada.

Det mannskapet om bord ikkje visste var at ein av Rinnanbanden hadde infiltrert motstandsrørsla og varsla tyskarane om både tid og stad for når "Vita" skulle hente flyktningane.

"Vita" skulle komme inn tidleg om morgonen, men det var altfor stor trafikk på Folda til at "Vita" tok sjansen på det. I staden valde mannskapet å gå til havs igjen og vente til det blei mørkt. "Vita" var ikkje kamuflert - båten såg ut som den fiskskøyta den var - bortsett frå falske kjenningsbokstavar og brengun'en som stod montert i rommet.

"Vita" gjekk rett i fella. Då "Vita" kom inn låg tre tyske forpostbåtar og venta. Tyskarane tok hand om "Vita" og brukte skøyta til vaktbåt resten av krigen.

Eigarane av "Vita" visste lite om kva som hadde hendt med skøyta, før 1945. Då kom det melding frå Marinen om at det låg ein båt i Kristiansund som kunne vera "Vita". Lorentz Rolfsnes og Jens Agasøster drog til Kristiansund for å kontrollere dette nærare. Då dei fant båten, var den nesten ikkje til å kjenna igjen. Masta var hogd ned - tyskarane hadde brukt mastestubben som kanonstativ. Det var montert signalmast framfor styrehuset og det var laga ruff over rommet. Rekka var øydelagd. Kort sagt - den nye båten var eit sørgjeleg syn. Spørsmålet var; skulle "Vita" reparerast eller kondemnerast?

Det ble reparasjon og "Vita" ble brukt som fiskefartøy og var i familien heilt fram til 1983. Då blei "Vita" seld og er no på Stiftelsen Sør-Fosen museum.

MS Vita