|  Gardsnummer 76  |

Dette bilde er fra 2000 mens det første er fra 1950
Det fyrste bildet er fra 1950, det andre frå høsten 2000
(hold musepekeren over for å sjå det nyeste)

Rolvsnes ligg nordaust på Bømlo, med Brendøyosen på austre sida og Goddeosen på venstre. I sør grenser garden til Brakadalen, Gjøsæter og Hollund si utmark, og i nord er Røyrøyno og Risøyno i Fitjar næraste naboar.

Namnet blei skrive Reffsnes 1563, Rolsnnes og Rolfsnness 1567, Rosnes 1597, Rolsznes 1601, Rolsnes 1610, Rollsnes 1611, Rollsness og Roelsness 1612, Rolszness 1627, Roelsnæs 1838 og Rolsnes 1890. Føreleden i namnet er mannsnavnet Rolv, og Hrolfr, samansett med nes.

Garden er venteleg ikkje av dei eldste.

Det er ikkje gjort fornfunn som garden kan tidfestas etter. På Hisøy er det gjort reiskapsfunn av flint som må vera svært gamalt, og i utmarka er det funnen eit steinspjot, ca 60 cm langt, og ei steinøks med skafthol.

Den gamle landsskulda på graden var 1 laup smør, i 1626 auka til 1 laup ½ hud, og i 1627 til 1 laup smør og 1 hud, som ikkje er endra seinare. Skatteskulda ble sett til 1 laup 2 ½ pund smør i 1668 som stod uendra til 1838. Den blei då sett til 6 skylddalar, 3 ort og 16 skill. I 1890 ble den endra til 7,81 sk.m. etter at Røyrøyno ble fråskilt.

Matrikkelsen 1668 seier om garden: "God Ager och eng sampt feehagge, Ingen Brendeweed, med en fiskeoug. Leyar ½ Laxeoug i Hanøyen med Jacob Buxh.-".

Den halve laksevågen i Hanøyno har då blitt rekna som eit fast lunnende til garden.

I matrikkelsen 1723 står: "Huusmandts Plazter: Ingen. Skoug og Sætter: Ingen af deelene. Qvern og fiskerie: har 2de smaa qverne alleene til egen fornødenhed, ej heller noget fiskerie. Situation og beleilighed: ligger paa een øe, nær Søen, maadelig Jord art. Viss til Korn og skiels let Vunden, Har ej Videre Næring eller brug uden gaardens affling og fiskerie af Hawet, ligger 6 Mile fra byen."

I 1802: " - har gode Hage, ingen Skov, lidt Brendefang."

I 1866 hadda garden 25 mål dyrka åker og eng, av det 1/3 part god, resten middels. Udyrka eng, 252 mål, av det 96 mål god, 102 mål middels god og 54 mål var ring. Garden hadde ikkje jord som var eigna til oppdyrking. Garden hadde nok hage, og hadde 2 spd. I innkommen hageleige.

Hagen låg godt til over middels god. Det var brennefang av torv og rot. 3 unge naut kunne fostrast med lyng. Garden var då rekna for å vera middels lettbrukt og var vanleg godt dyrka. I 1840 og 1844 blei det halden minneleg utskifting i utmarka. I 1847 utskifting av utmarka mot Hollund. I 1874 minneleg utskifting av eigen del utmark. I 1987 utskifting av innmarka.

Det er små lunnende som tilhøyrer garden. Dei 2 små kvernene, som er nevnt i 1723, stod truleg i Brakadalen og i Kvednabekken på Rolvsnes. Brakadalskverna fulgte med då Brakadalen blei rydda og bygsla vekk. Kverna på Rolvsnes har ikke vore i bruk sidan 1903. På Rolvsnes er ikkje sagn om at garden har ått skogteig i gamal tid. Strandlinja er utskifta slik at landsluten tilfell eigaren av landet.

Kvednabekken var delt slik at bnr 1 og 2 åtte øvste fallet, der kverna stod, og bnr. 3, 4 og 5 åtte nederste fallet, men her var ikkje kvern. På Skinesholmen og på Øspholmane har det vore broten granittstein. Bnr. 3, 4 og 5 åtte Skinesholmen og bnr. 1 og 2 Øspholmane. Bergleiga blei delt etter skulda, det gamle tunet på garden låg truleg i nærleiken der dei gamle husa på bnr. 2 står no.

Garden har, så langt tilbake som ein kjenner, høyrt til Finnås presteembete. Ein kan tenkje at garden har vore i kongen si eiga, og er lagt til presteembete då det blei bygd kyrkje på Gåsland, som truleg hadde eigen prest på den tid. Seinare blei Gåsland kyrkje utan prest og garden ser så lagt til Finnås prestembete. I 1830-60 åra fekk brukarane kongeskøyte på bruka sine, og seinare har dei vore sjølveigde.