|  Hisøy  |

Hisøy sett fra luften

Naturperle og oase

Hisøy høyrer til Bømlo kommune og er tilhøyrande Rolfsnes. Småbåtleia nord for Rolfsnes går forbi øya, så den grønkledde øya er lett å finne for båtfarande turfolk.

Hisøy har ikkje i nyare tid hatt nokon busetjing, men i Bømlo Bygdebok (1973) blir det nevnt at det er gjort reidskapsfunn av flint som må vera svært gamalt.

På øya kan ein finne opp til 3 meter høg sitkagran med volum på 9-10 m3. Den grøne naturperla som er eit resultat av et pionerarbeid, utført av idealisten Dr. Christian Heitmann, minner i dag om eit parkområde og er mykje nytta som utfartsstad både for lokalbefolkninga og turister. Bømlo kommune har lagt Hisøy ut som friluftsområde og badeplass.

Hytten på Hisøy

Kai og hytte

Der er tilrettelagt med kai for båtfolk og det er mogeleg å leige hytta som familien Lepsøe bygde. Våren 1982 sette kommunen i gong diverse moderniseringsarbeid på hytta, med ny panel i stova og utendørs terrasse. I 1982 blei eit tilbygg med toalett, vaskerom, vedbod og overbygg over inngongspartiet bygd. Frå 1985 til 1988 er diverse vedlikehaldsarbeid utført.

Portrett av Distriktslege Christian Heitmann   Dr. Heitmann på Hisøy

Distrikslege Christian Heitmanns legat

Dr. Heimann planta skogen på Hisøy i åra 1899-1913 og må ha vore ein optimist av dimensjonar og ein stor føregongsmann. Han agiterte for vidare skogreising for heile distriktet, men kunne berre med dette eksperimentet prove at skogen kan vekse også ute ved kysten, dersom ein vel de rette tresortane.

Distrikslege Christian Heitmanns legat blei oppretta i 1967 og blei leda av eit styre på 3 representanter, ein oppnevnte av Bømlo kommune, ein av Det norske Skogselskap og ein av Bergen og Hordaland Skogselskap.

Alle som viser ære og respekt for øye er hjerteleg velkommen til ein oase i skjergården.