|  Fakta om Rolfsnes  |

Rolfsnes - ei god stad å leve!

Rolfsnes ligg nord på øya Bømlo og er eit lite samfunn med ca. 70 husstandar, ein del hytter, sjøhus og eit industribygg. På Rolfsnes har me mange gode kvaliteter som både unge og eldre veit å setje pris på. Skulen, omtala som "ein oase i bygda", gjev eit godt tilbod til borna. Skulen fungerer også som eit grendahus der det er eit aktivt lags- og organisasjonsarbeid og trivelege bygdeaktiviteter, som for eksempel 17 mai, Jonsok, grendafester etc.

Befolkningsutviklinga på Rolfsnes har dei siste åra vore svært positiv. Folketalet var i 1975 på 128 og er pr. 01.05.02 på 200. Aldersfordelinga på befolkninga viser eit ungt samfunn i utvikling.

Det er ikkje butikk på Rolfsnes, men med bil tek det ti minutt til Rubbestadneset kor det er daglegvarebutikk, hotell, hurtigbåt samband samt den største arbeidsplassen på Bømlo. Rolfsnes har landpostbod som dekkjer tjenestetilbodet for postgong.

Under kommunevalet hausten 1999 fekk Bømlo for første gong i historien ein ordførar frå Rolfsnes.

Med dei naudsynte servicetilbod innan rekkevidde, store naturopplevingar og badestrender nokre minutt frå båtstøa - har me ein unik sjanse til å skape eit godt miljø å leva i, og for våre born å vekse opp i!

Velkommen til Rolfsnes!
Ei lita bygd med store kvaliteter!

Hovedbilde: Norge - Detaljbilde: Hordaland Hovedbilde: Hele Bømlo - Detaljbilde: Nordsida av Bømlo med Rolfsnes
Hovedbilde: Norge
Detaljbilde: Hordaland
Hovedbilde: Hele Bømlo
Detaljbilde: Nordsida av Bømlo med Rolfsnes